Ny dekan på Avdeling for kulturfag

Torsdag 1. august starta Unni Hagen i arbeidet som dekan på Høgskulen i Volda.

Unni Hagen er ny dekan på Avdeling for kulturfag.  Foto: hivolda.no

Nyheiter

Hagen er 64 år gamal og har arbeidd som førsteamanuensis på Høgskolen i Østfold, som ligg i Halden. Ifølgje hivolda.no kjem Hagen frå Braskereidfoss i Våler kommune i Hedmark. Ho har studert, budd og arbeidd i Elverum, Hurdal, Oslo, Edinburgh, London, Bourgogne i Frankrike, Oslo igjen, Halden og no Volda.

– Braskereidfoss er ein knøttliten plass med drygt 200 innbyggarar, så Volda vert ikkje for lite for meg. I motsetning til i store byar, har ein på mindre plassar ikkje eit storsamfunn som tar hand om alt. Det vekker engasjement i folk, skapar nærvær og ein må bidra, det likar eg. Ein annan ting med Volda er naturen. Eg ser fram til å kvar dag kunne sjå ut på vatn og fjell samstundes – det er ein draum eg har hatt, fortel Hagen, seier Hagen til hivolda.no.

Hagen arbeidde også i perioden 2013 – 2017 som dekan, då ved Avdeling for lærerutdanning ved Høgskolen i Østfold. Med leiarstillingar ved det som heitte Høgskolen i Oslo og Akershus i tillegg, har ho til saman ni års leiarerfaring frå sektoren.

Ifølgje hivolda.no er fagområda design, kunst og handverk, drama og teater, idrett, kroppsøving og friluftsliv og musikk, som Avdeling for kulturfag består av, langt i frå ukjende for Hagen.

– Eg hadde fleire av desse faga då eg sjølv tok lærarutdanning. I tillegg var desse faga underlagt avdelinga mi då eg var dekan i Østfold. Det er ei tverrfagleg og spennande avdeling eg tek over, og i meg får dei ei som har lang og brei erfaring med å drive fagleg og administrativ leiing på høgskulenivå, seier Hagen, som også ser fram til å samarbeide med Seanse – senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda.

hivolda.no