Legg om skummel sti til Molladalen

Både turistforeininga og kommunen er samde med turgåar Leiv Arne Grimstad: Stien til Molladalen bør leggast om.

sti: Skummel passasje på veg til Molladalen. foto: leiv Arne Grimstad  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyheiter

Leiv Arne Grimstad frå Hareid har vore på tur til Molladalen, frå Barstadvik-sida. Det fekk han til å skrive eit innlegg til Møre-Nytt om opplevingane: «Ved porten til dalen er der ein bergnabb der du faktisk må klatre (og nesten svevar) nokre meter i ein loddrett fjellvegg over ei djup elvekløft. Du kan forsere nabben ved å halde deg i ein kjetting, som er bolta fast i fjellet. Eg forstår at dette er «lett match» for majoriteten av dei som søkjer seg til Molladalen; slike som går dit for å klatre og rangle i dei kvasse tindane. Men for «gamalt folk»og meir eller mindre flakkføre og høgderedde er ikkje dette like enkelt». Dette skreiv Grimstad i eit lesarinnlegg i Møre-Nytt fredag.


Lesarinnlegg

"For mindre flakkeføre og høgderedde er ikkje dette like enkelt"

Leiv Arne Grimstad om "skummel Molladalspassasje"

 

Grimstad utfordra Ålesund turistforening (ÅST) og «andre ansvarlege instansar» til å ta affære, og det gjert dei.

Per Ivar Lied i Ørsta kommune opplyser at dei hadde synfaring der tidlegare i sommar, og at kommunen ønskjer å sette i verk tiltak.

Ålesund og Sunnmøre Turistforening var og med på synfaringa.

–Vi vart mellom anna samde om å steinlegge myra før bratta, og legge stien på oversida av kjettingen. Arbeidet vil starte i haust, seier Åsmund Steen i Ålesund-Sunnmøre Turistforening

Han seier det generelt er eit dilemme i kor stor grad stiar og tilkomstar skal «fiksast» på.

– Vi er skeptiske til kunstig tilrettelegging av stiar og passasjar. Det er ikkje meininga å gjere det vesentleg enklare å kome seg til Molladalen. Det skal framleis vere ein fjelltur opp dit. Vi utnyttar berre terrenget på ein annan måte med å legge om stien eit kort stykke.