Meir pukkellaks i Ørstaelva

Fem skotne i elva søndag

Pukkellaks frå Ørstaelva  Foto: Ørstaelva

Nyheiter

Den svartelista pukkellaksen, også kalla russarlaks, har kome tilbake til Ørstaelva. Tidleg i førre veke vart årets første  skoten med harpun ved Høgebrua.

Søndag vart fem pukkellaksar avliva av dykkarar, står det på heimesidene til Ørstaelva. Totalt er det tatt åtte pukkellakser, den eine av dei eit godt stykkje framme i Follestaddalen.