Fredag

Jon Georg opnar sentral for kortreist mat i Volda

Komande fredag opnar samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) ein henteplass for kortreist mat i Volda.

Kortreist: Thomas, Elias og Janne Moe førebur opninga av henteplassen for kortreist mat på Mylna i Volda. Der vert det også utsal av kortreist lokal mat. 

Nyheiter

Det er trioen Thomas, Elias og Janne, alle med etternamn Moe, som står bak det nye konseptet på Mylnå som har namnet Bazpoint. Det vil vere ein stad der folk kan hente kortreiste matvarer som vert handla på nettsida Bazeat. Mylnå vert det første hentepunktet for kortreist mat i landet gjennom denne nettstaden.