Gode prestasjonar i NM

Elias Hovden Nilsen og Andrine Hjellen Haugland deltok i NM i friidrett på Hamar i helga, og imponerte med gode resultat og plasseringar

Elias Hovden Nilsen tok 6. plass i spyd med 59,65 m på NM i friidrett på Hamar. Dette er det nest lengste konkurransekastet til Elias.   Foto: ØIL friidrett

Andrine Hjellen Haugland tok 8. plass i spyd med 44,95 m på NM i friidrett på Hamar.   Foto: ØIL friidrett

Nyheiter

Begge representerer Ørsta IL friidrett.

Elias debuterte i NM med 6. plass i spyd med 59,65 m. Andrine tok 8. plassen i spyd med 44,95 m.

Målet for begge, i samråd med kasttrenar Svein Egil Johannessen var å oppnå topp 8-plassering i spyd for både kvinner senior og menn senior på NM. Begge oppnådde det ambisiøse målet. Det ligg store mengder målretta trening og planlegging bak desse resultata for trioen Andrine, Elias og Svein Egil.

Andrine Hjellen Haugland tok 8. plass i spyd med 44,95 m på NM i friidrett på Hamar.   Foto: ØIL friidrett

 

– Norsk friidrett er i medvind. Nivået og breidda i toppen er no vel så stor som på 90-talet, og det kjem stadig fleire utøvarar som hevdar seg på toppnivå, står det i ei pressemelding frå ØIL friiidrett.

NM i friidrett vart arrangert på Hamar 2.-4. august.