Trandal Countryfestival startar torsdag

– Folk kan gle seg

Frå 8. til 11. august er det duka for Trandal Countryfestival.

country: Erika Jonsson skal spele på Trandal Countryfestival. Både torsdag og fredag vert det musikk frå trubadurscena. Det vert også låvedans og artistjam i den gamle løda fredag. Laurdag startar med program på trubadurscena før det vert musikk frå hovudscena om kvelden.  Foto: pressebilde

Nyheiter

– Programmet er spikra og flotte artistar frå inn og utland kjem for å underhalde. Vi gler oss over underhaldningspakken vi har sett saman, seier arrangørane, Siv Astri Erlandsen og drivarane av Christian Gaard på Trandal.

Dei meiner publikum kan gle seg til nok ein velorganisert countryfestival. Artistane i år er Paul Bogart (USA), Erika Jonsson (Sverige) Joe Degelia (USA) og dei norske, Steffen Jakobsen, Esther Jakobsen, Get Rhythm, Jenny Augusta Engel, Hans Olaf Kastodden (tidlegare vokalist i Big Bull Band) og Sivert Bjørdal.

– Vi er svært stolte og glade over å ha fått «hanka» inn Paul Bogart som er ein ung og «upcoming» artist frå Nashville. Han har nyleg signert kontrakt med eit større plateselskap. Paul er ein ekte cowboy og profesjonell countrysongar og rodeoryttar, fortel arrangøren.

Dei meiner at Trandal er ein unik arena for å presentere country.

– Kulissane er fantastiske å kople saman med denne musikksjangeren. Grunnleggaren av Christian Gaard, Frank Storeide, hadde nok countrymusikk og festival i tankane då han bygde opp tunet sitt, seier Erlandsen.

Paul Bogart  Foto: pressebilete

 

Kjent i utlandet

Ho fortel at Trandal Countryfestival har vorte eit kjent arrangement blant artistar og publikum over heile landet og langt utover landegrensene.

– Trandal og Christian Gaard er fantastisk uansett ver. Dersom vêret skulle slå feil så er her masse inneplassar, Vikinghuset, løda, hovudhuset og segl over danse- og hovudscene-området. Dårleg ver er altså inga unnskyldning for ikkje å møte, seier arrangøren.

Dei fortel at både norske, skandinaviske og europeiske artistar skriv og sender mail og ønsker seg til Trandal på festival.

– Artistane gler seg over å få lov til å opptre på Trandal. Nokre har vore her før og vil tilbake medan andre er nye.

– Båthamna på Trandal er klar for alle båtane som kjem og campingen har avgrensa tal bubilar og campingvogner. Det er også moglegheit for camping på Sæbø og Standal. Elles kan du ha telt i handa når du kjem, du finn alltid ein plass til dette.

Båttransport er klar for sikker transport av publikum til og frå Sæbø, Standal, Urke og Ålesund og ferjene vil gå som ved tidlegare store arrangement. Busstransport er også på plass.

– Vi takkar alle dei mange flotte lokale firma som gler seg over å vere våre støttespelarar.