Lesarinnlegg

"For mindre flakkeføre og høgderedde er ikkje dette like enkelt"

Leiv Arne Grimstad om "skummel Molladalspassasje"

Skummel passasje på veg til Molladalen  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyheiter

Under ein tur til Molladalen nyleg fekk eg meg ein stuss då eg kom til passasjen ved inngangen til dalen – når du går opp frå Melbøsetra i Erdalen.

Ved porten til dalen er der ein bergnabb der du faktisk må klatre (og nesten svevar) nokre meter i ein loddrett fjellvegg over ei djup elvekløft. Du kan forsere nabben ved å halde deg i ein kjetting, som er bolta fast i fjellet.

Eg forstår at dette er ”lett match” for majoriteten av dei som søkjer seg til Molladalen; slike som går dit for å klatre og rangle i dei kvasse tindane.

Men for ”gamalt folk” og meir eller mindre flakkføre og høgderedde er ikkje dette like enkelt.

I staden for å henge meg fast i kjettingen, tok eg ei smal rås bort under fjellveggen og ned bratta mot elva, kryssa denne og kom meg inn i Molladalen ved endå ei enkel elvekryssing. Vassføringa var lita, så denne dagen i slutten av juli var elvekryssinga uproblematisk. Men ved større vassføring ville det kanskje ha vore uråd.

På nedturen frå Molladalen nytta eg meg av den nemnde elvepassasjen, som visstnok av enkelte blir kalla ”Gamlevegen”.

Så mitt spørsmål og utfordring til Ålesund og Sunnmøre Turistforening eller andre ansvarlege instansar, er: Er det muleg å få til ei meir betryggande passering av denne bergnabben? Eg er klar over at Molladalen er fjellklatrarane sitt Mekka – og at denne bergnabb-passasjen er ”peanuts” for dei. Men for vanlege, dødelege fjellfolk – som mislikar altfor sjansebetonte forflyttingar i terrenget, er det kanskje ein tanke å legge til rette for ei alternativ rute forbi …

På returen, og med oversikt til passasjeområdet frå Molladalen, la eg merke til at det fint vil la seg gjere å gå opp over den kollen som bergnabben avsluttar og skråne inn i Molladalen derifrå.

NB: Eg er klar over at overgangane til Molladalen frå Steinestøylen i Romedalen og frå Lisje-Standal er av det trygge slaget.