På skjermen fem kveldar denne veka

Med i NRK-konkurranse

Denne veka tevlar familien Sandnes frå Ørsta om siger i NRK Sommeråpent sin camping-duell.

Team Sandnes: Anne Grethe, Petter, Ida og August skal ut i venskapeleg kamp mot ein annan familie på campingplassen kvar kveld denne veka. Foto: Privat  Foto: Privat

Nyheiter

– Strategien vår er å ha god kommunikasjon på laget, seier Anne Grethe Sandnes, som saman med mannen Petter Sandnes og borna Iver August (12), Ida (25) og barnebornet Hanna (3) utgjer Team Sandnes i Campingleikane.

NRK besøker i sommar seks norske campingplassar. Denne veka er dei i Gloppen, der familien Sandnes har hatt campinghytte i sju år. På slutten av kvar TV-sending, skal to familiar konkurrere mot kvarandre i ulike leikar. Tysdag gjekk konkurransen i å kaste tennisballar i ein stor hov, medan ein hadde på seg uklåre briller. Denne konkurransen vann team Sandnes med 21 poeng mot team Vik, som er utfordrarfamilien, sine 8 poeng.

Anne Grethe Sandnes seier dei vart spurt om å vere med, etter at campingplasseigaren hadde anbefalt dei til NRK. I utgangspunktet takk dei nei, men etter litt overtyding, vart dei med likevel.

– Vi tenkte vi kunne vere sporty og stille. Det var vel litt «mild tvang», seier Sandnes. Den konkurrerande familien Vik er også gode vener av familien Sandnes, så alle tek konkurransen med god humor.

– Vi tenkte at vi skulle ha tap og vinn som same sinn, men når vi stod der, såg vi at konkurranseinstinktet var knallhardt, seier Anne Grethe.

Kva konkurransane går ut på, er hemmeleg fram til dagen dei skal utførast.

– Vi var på ein brifing rett før, der vi såg kva vi skulle gjere, men vi fekk ikkje prøve.

I kveld har dei fått vite at det skal vere ei form for «Kims leik», der fire personar kler seg opp med ulike ting. Så får deltakarane, som er Petter og Iver August, sjå på personane i eitt minutt og studere detaljane, før dei må fortelje kva dei hadde på seg.

Finalen er på laurdag, då dei får ei stor oppgåve som tek heile dagen å løyse. Kva oppgåva handlar om, veit dei ingenting om enno.

Elles vil Anne Grethe nytte høvet til å skryte over campinga på Gloppen.

– Gloppen er ein fin plass å lade batteria. Folk her er utruleg rause, og det er fantastiske turområde. På campingplassen, som er heilårsopen, er det om lag hundre faste plassar, i tillegg til mange plassar til bubilar og campingvogner. Vi har vorte som ein samansveisa familie her, og vi føler vi verkeleg får slappa av og lada batteria, seier Sandnes.