Måtte redde ned turfølgje

Stålberghornet.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Politiet i samarbeid med Hovudredningssentralen og helikopter frå Florø måtte onsdag hente ned eit turfølgje frå Stålberghornet i Hjørundfjorden. Turfølgjet stod skårfaste på om lag 600 meters høgde.

Ingen var skadd, men dei trengde hjelp til å kome ned.

Politiet melde om hendninga like før klokka 13.

13.25 melder HRS Sør-Norge på Twitter at dei skårfaste blir heist ut. Det er to personar i turfølgjet.

Like før klokka 14.00 var turfølgjet frakta ned frå fjellet. HRS opplyser at dei er i god behald.