Labert i Ørstaelva, men brukbart i Bondalselva

Heilt grei sesong så langt

I Ørstaelva ligg det an å til å verte ein sesong under normalen, men i Bondalselva sig det inn jamt med fisk.

Fiskeferie: Kenneth Sjøholt reiser til Bondalselva camping med campingvogn og familie for å fiske laks. I tillegg går dei turar i fjellet, badar og et softis.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

– Det er ikkje noko å skryte av. Det er dårleg i alle elvane, bortsett frå i Bondalselva og i Aureelva i Sykkylven etter det regna, seier Sindre Moe i Ørstaelva elveeigarlag. Tysdag kunne han summere opp at om lag 100 laksar har vorte fiska sidan sesongstarten 15. juli. Den største fisken som har vorte teken i Ørstaelva i år er på 10,1 kilo.