Skodde fører til forseinka fly

Skodda ligg tett over Ørsta fredag føremiddag. 

Nyheiter

(Sunnmørsposten): Skodda ligg som eit lokk over Ørsta. Dette har ført til at morgonflyet frå Hovden til Oslo med Widerøe som skulle gått klokka 06.05 har blitt forseinka. Ny tid er sett til 09.45. Lufthamnsjef Terje Nergård fortel til Sunnmørsposten at det har vore slik dei siste dagane.

– Vi er inne i ein tredagarsskodde og har hatt forseinkingar onsdag, torsdag og i dag, fortel han.

– Det er synd for passasjerane at det er slik, men vi kan diverre ikkje gjere noko med vêret, legg han til.

Avinor veit heller ikkje om dette vil påverke dei seinare avgangane i dag, fredag.

– Så lenge skodda ligg slik han gjer no, er det umogleg å seie når flya kan vere i rute igjen, men vi håper på ei lysning når sola har fått gjort jobben sin, seier lufthamnsjef Nergård og ber dei reisande om å halde seg oppdaterte på Avinor sine nettsider.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.