MC-Deler er konkurs

MC-Deler AS på Vartdal er konkurs. Det var konkursopning fredag. Også morselskapet Sørvik Eiendom AS, er konkurs.

  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

MC-Deler har drive med detaljhandel med motorsyklar, delar og utstyr, og har siste åra også satsa på vasskuterar.

Verksemda har halde til å lokale på Vartdal.

Rekneskapstala frå 2017 viser at verksemda då hadde eit resultat før skatt på minus 1,860 millionar kroner, medan resultatet i 2016 var på 459.000 kroner før skatt.

Omsetninga gjekk frå 29,8 millionar kroner i 2016 til 23,9 millionar kroner i 2017.

Advokat Roberto Bjøringsøy er av Søre Sunnmøre tingrett oppnemnd som bustyrar.

Den fyrste skiftesamlinga er sett til 29. august hos Søre Sunnmøre tingrett i Volda.