Klagar på bråk frå Uppheim

Dave King har vendt seg til Volda kommune med klage på bråk frå Uppheim.

Bråk: Dave King har klaga til Volda kommune om bråk frå Uppheim. Foto: Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten  Foto: Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten

Nyheiter

Natt til søndag 16. juni vart det spelt høg musikk heilt til 02.30 om natta, då han måtte be dei dempe seg. Ti minutt etter, kom også politiet. Etterpå var det mykje bråk frå oppryddingsarbeidet, heilt fram til 04.30. Kvelden før var det også mykje bråk, og King vart vekt av høge bønerop frå høgtalarar ved midnatt.

King understrekar at Uppheim ligg i eit bustadområde, og at så mykje bråk nattetid er uakseptabelt.

– Festivalar som Dokfilm og Animation Volda har eit ansvar for lokalsamfunnet for at dei er ferdige innan rimeleg tid, og private lag som leiger Uppheim burde ikkje vere noko annleis.

Kommunen svarar at dette ikkje er deira ansvarsområde, og at den beste løysinga vil vere å ordne opp med Uppheim eller politiet.