Kvar tredje bonde får erstatning etter tørkesommaren i fjor

Meir enn ein av tre norske bønder får utbetalt erstatning for avlingssvikt etter tørkesommaren i fjor.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NP  Foto: Bendiksby, Terje

Nyheiter

I store delar av Sør-Noreg vart avlinga til bøndene kraftig redusert i fjor, grunna mangel på vatn. Både Noreg og Nord-Europa vart hardt råka av tørken.

No er 98 prosent av dei totalt 14.991 søknadene om erstatning for avlingssvikt behandla, og totalt blir det betalt ut nesten to milliardar kroner i erstatning, til til saman 13.460 bønder, skriv bondelaget.no. I august i fjor var det berekna utbetaling på om lag 1,1 milliard kroner.

– Det viser kor alvorleg denne tørkesituasjonen var og kor sårbar matproduksjonen er for ekstreme vêrtypar. Det understrekar også kor viktig det er å tilpasse næringa for å kunne møte vêret på ein best mogleg måte i framtida, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Han strekar under at avlingsskadeerstatning er eit sikkerheitsnett som var avgjerande for vidare drift på mange garder etter fjorårssommaren.