"Eg er overtydd om at dette er ein meteoritt"

– Eg er 99,99 prosent sikker på at dette er ein meteoritt. I så fall er det den lengste som er funnen i Noreg.

Bjørn Sørheim meiner han har funne meteorittar i Volda.  Foto: Rune Sæbønes

Eg tenkte at det kunne vere asfaltbitar, men slo det frå meg då eg kjende på dei

Bjørn Sørheim
Nyheiter

Seier Bjørn Sørheim frå Ørsta. Det var i førre veke han fann nokre gjenstandar på vegen og på bakken nær Volda sentrum. Hobbyastronomen, som har interessert seg for verdsrommet sidan dei fyrste Apollo-romskipa tok laust, er ganske overtydd om at det handlar om meteorittar.