Dømd til samfunnsstraff

Hindra politiet i sitt arbeid og slo fleire personar

Ein mann i starten av 20-åra er dømd til samfunnsstraff i 120 timar etter fleire brot på straffeloven.

Dom: Ein mann i 20-åra er dømd til samfunnsstraff i Søre Sunnmøre tingrett.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Mannen møtte i Søre Sunnmøre tingrett tiltalt for fleire lovbrot. Han vart frifunnen for fleire tiltalepunkt, men vart dømd for totalt fem lovbrot. Dette omhandla slag i ansiktet mot to ulike personar, bråk ved to ulike høve, nytta skjellord mot politiet, slag mot ansikt og kropp og knusing av ei frontrute på ein bil.

Mannen er dømd til samfunnsstraff i 120 timar med ei gjennomføringstid på seks månader. Straffa er ei fellesstraff med ein dom frå 2016.

Mannen vart frifunnen frå eit erstatningskrav frå ein butikk i Volda, men må betale 2.000 kroner i sakskostnader.