Får ikkje pengar til datautstyr i skulen

Nyheiter

Ørsta kommune har fått avslag på ein søknad om statleg støtte til innkjøp av utstyr til programmering i skulen. Ørsta kommune har søkt Utdanningsdirektoratet om pengar frå ei eiga støtteordning, der målet er gje elevar forståing for programmering og algoritmisk tenking.

Grunnen til avslaget er at kommunen har fått pengar frå støtteordninga tidlegare.