Arrangerer festival på Bjørke for sjette gong

250 artistar vil til Indiefjord

– Det er så mange som søkjer om å kome, at eg får dårleg samvit av å seie nei til dei.

Visepop: Meir enn tjue artistar kjem til årets Indiefjord på Bjørke. Kring 250 søkte om å få kome dit. Foto: Eline Viddal Rød 

Nyheiter

Festivalsjef Silja Haddal Mork er i siste innspurten med førebuingane til årets Indiefjord på Bjørke. Til helga er det venta at fleire hundre tilreisande frå heile verda tek turen til det som har utvikla seg til å verte ein ettertrakta visepopfestival. Faktisk er det å spele på Indiefjord så populært at kring 250 artistar frå heile verda står i kø for å få gjere nett det.

– Det er slik eg aldri kunne ha drøymt om. Årets hovudattraksjonar frå Australia og USA er artistar eg såg på scena i London for åtte år sidan. Då var dei for store til at vi kunne booke dei. Når dei no sender søknad til oss, vert eg overvelda, seier Haddal Mork.

Noko av det som gjer Indiefjord så spesielt, er at alt skjer mellom bratte fjell i ei fredeleg lita vestlandsbygd.

– Det som skil seg frå andre festivalar, er at heile bygda er festivalområde. Dei som kjem, føler dei bur der ei helg. Dei kan gå rundt i bygda, og det skjer ting på kvart eit hjørne, seier Haddal Mork.

Jungeltelegrafen

Arrangøren fortel at festivalen har bortimot nullbudsjett til reklame og marknadsføring. I staden er det jungeltelegrafen og sosiale medium som gjer at ryktet om festivalen spreier seg internasjonalt.

– Gjestane er veldig flinke til å fortelje om festivalen til venene sine, og då kjem det større og større band. Det passar godt for oss som ikkje er kommersielle. Vi er stolte over at vi ikkje har eit stort budsjett, og at alt skal gå tilbake til banda, seier ho.

– Kven er det som kjem på Indiefjord?

– Folk reiser frå heile verda for å kome hit. Dei siste åra har festivalen også vekt mykje interesse blant lokalbefolkninga og frå regionen. Det er ekstra kjekt. Den opphavlege målgruppa var dei som er glade i indie/visepop, og reiser langt for å kome hit. Men vi ser at også folk som ikkje er så interessert kjem og høyrer på musikken og kosar seg. Dette er musikk som er lett å like for folk i alle aldrar. Og han passar så utruleg godt til naturen og settingen, når ein sit i Bakketunet eller i Notanaustet.

Hektisk innspurt

I år står i overkant av tjue band og artistar på scena.

– Det er spesielt stort å få hit Gary Olson frå The Ladybug Transistor (USA), og Monnone Alone og Darren Hanlon, begge frå Australia, seier festivalsjefen, som i det siste har hatt hendene fulle med å få alt på plass.

– Det er alltid mykje å gjere den siste veka, men vi veit kva vi skal gjere og kva som står att. Vi har funne ei oppskrift vi føler fungerer. Så kjem det alltid nye idear dei siste dagane. Difor presenterer vi ikkje programmet før siste veka.

Tett program

Med berre dagar att til festivalstart, kan festivalsjefen endeleg avsløre at programmet er spikra, med fullt køyr både laurdagen og søndagen.

– Det vert konsertar ved Notanaustet og i Bakketunet, kveldskonsertar på Haukly, mat- og handverksstandar, kyrkjekonsert med dei lokale popheltane Johnny Hide og Rune Berg få The Number Seven Deli og The Margarets, danseframsyninga Flakkande røynd i Jensaløda, waacking- og salsakurs med danseinstruktørar frå området vårt – og frå Cuba, utstillingar, fossevandring til Tussafossen, ølsmaking med temaet Smaken av Sunnmøre i Bakketunet, grilling, Tonga gardsbryggeri pop-up-pub. Og så mykje, mykje meir, fortel Haddal Mork.

Waacking: Det vert kurs i dansestilen waacking. Foto: Andrea Hustad 

 

Framleis rom i herberget

For å få plass til hundrevis av tilreisande, stiller Bjørke rom og camping, Hjørundfjord hostel Bjørke og Bakketunet med campingplassar og hytter. SailÅlesund kjem også med ein seglbåt som der ein kan hyre lugarar til overnatting.

– Det er framleis att både plassar å bu og billettar. Søndagen er minst like kjekk som laurdagen.