Søkjer om å få gå i Jesus-marsj i Ørsta

Nytt Livs Senter søkjer Ørsta kommune om å få arrangere Jesus-marsj den 7. september.

Marsj: Også i fjor vart det arrangert Jesus-marsj i Ørsta. Foto: Svein Aam  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Planen er å gå i tog med start på oppsida av Amfi-senteret, gjennom Webjørn Svendsen-gata, opp Torggata og til høgre i Kyrkjegata og Ivar Aasen-gata, bort att i Webjørn Svendsen-gata og Sjøbrauta, før dei endar opp på oppstillingsplassen. Der vil dei syngje nokre songar og halde appellar. Til saman vil opplegget vare i ein time. Dei tek gjerne ei anna rute, om det ikkje passar å gå gjennom Kyrkjegata. Arrangørane stiller med vaktar og trafikkregulering langs ruta. Dei presiserer at marsjen ikkje er ein protest mot Pride. Deltakarane vil gå med seks parolar med bibelord om Gud, Jesus og Israel.

Jesus-marsjen vart i fjor arrangert i Volda, Ørsta og Ålesund.