A. Våge AS vann regional kåring

A. Våge AS gjekk sigrande ut av Mangfaldsprisen si regionale kåring i Møre og Romsdal.

Utmerking: A. Våge AS vann den regionale kåringa i Mangfaldsprisen. 

Nyheiter

Det gjer at A. Våge AS er vidare til nasjonal prisutdeling i september. I tillegg til Volda-bedrifta fekk NRS AS i Trondheim same utmerking i Trøndelag.

– Blant sterke kandidatar hadde desse to verksemdene det vesle ekstra som skilte dei ut som verdige vinnarar, seier juryleiar og regiondirektør i IMDi Midt-Noreg Rune S. Foss i ei pressemelding.

Dei nasjonale prisane vert delt ut under regjeringa si integreringskonferanse 24. september. Då vil vinnarar frå heile landet konkurrere om de nasjonale prisen.

A. Våge AS var nominert i kategorien for små verksemder. I verksemda har nærare halvparten av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Dei tek også inn flyktningar i arbeidspraksis og brukar det som ein rekrutteringsarena.

– A. Våge er opptekne av at dei har og tek eit samfunnsansvar og ønsker å bruke sine gode erfaringar til å inspirere andre verksemder i lokalsamfunnet til å opne opp for å gi ikkje etniske norske ein sjanse, seier Foss.