B-ferja kan ikkje legge til ved tekniske problem

Brysom ferjelem

Når ferjelemmen på Solavågen er i ustand, kan ikkje B-ferja legge til. Sist fredag vart det lange køar på begge sider.

Reserveferjelemmen (til venstre av dei to) har vore ute av drift tre gongar i år. Når den eine av ferjene ikkje kan bruke reservelemmen, vert det då lange køar.   Foto: Gule Sider Kart

Nyheiter

– Det har vore problem dei to siste månadene, og problema oppstår fordi hovudlemmen på sundesida har havarert. Den eine av ferjene, B/F Lote, kan ikkje leggje til på reservelemmen, fortel Magne Sunde, som er leiar i trafikktryggingsnemnda i Sula i ein e-post til Møre-Nytt.