Rocka utstilling på Fugl Føniks

Marianne Urke Viddal frå Ellingsøya stiller ut på Fugl Føniks. Det handlar om natur, rock og film.

Utstilling: Marianne Urke Viddal stiller ut hos Fugl Føniks. 

Nyheiter

– Eg likar å måle frå naturen. Frå huset mitt på Ellingsøya ser eg inn mot Sunnmørsalpane. Og motiva mine vert kanskej annleis enn dei som er måla frå andre vinklar, seier Urke Viddal.

Som etternamna tyder, har ho tilknyting til Hjørundfjord. Bestefar hennar var frå Viddal, medan ektemannen ætta frå Urke.

Hos Fugl Føniks stiller ho ut fleire landskapsmåleri. Mange av dei er fjell.

– Som eg forstår folk her i Ørsta er stolte av, seier urke Viddal.

Ho har også ein fascinasjon av film- og rockestejerner. Difor har ho med seg portrett både av Brigitte Bardot og Keith Richards. Begge med ein sneip i munnen.

Utstillinga hos Fugl Føniks varer ut september.

– Det er prisverdig at kafeen slepp til folk som vil stille ut her. Det er fint lagt opp, og med godt lys, fortel Urke Viddal.


Rune Sæbønes