Har innreidd fjøsen til selskapslokale

Bernt Festøy har brukt mykje ressursar på å renovere den gamle fjøsen sin i Barstadvik. Håpet er å få bygd hytter og tilby eit selskapslokale med overnattingstilbod.
Nyheiter

«Molladalen Inn» står det over fjøsdøra på Lidvang gard på Barstadbakkane. Innvendig skjuler det seg ikkje husdyr, men eit topp moderne gjestelokale. Dei to siste åra har Festøy gitt driftsbygningen frå 1936 ei skikkeleg oppgradering.