Tatt i 114 km/t på Kvivsvegen

9. mai i år vart ein bil registrert til å ha ei fart på 114 km/t på E39. Sjåføren er bøtelagt i Søre Sunnmøre tingrett.

Bøtelagt: Ein mann i 20-åra fekk 15.000 kroner i bot etter å ha køyrt i 114 km/t på Kvivsvegen. 

Nyheiter

Mannen, som er i starten av 20-åra og busett i Volda kommune, sa seg skuldig i Søre Sunnmøre tingrett.

– Det framstår som tilfeldig at den konkrete hendinga ikkje førte til skade på person eller materiell, men i lys av at sikta trakk seg frå forbikøyringa og at det faktisk ikkje oppstod skade, finn retten at tapstida passande kan settast til seks månader i tråd med påtalemakta sitt forslag, heiter det i dommen knytt til tap av førarretten.

Mannen vart bøtelagt 15.000 kroner. I tillegg mister han førarkortet i seks månader. Den domfelte tok omrømmingstid etter å fått dommen forkynt.