Skadeverk i gågata

I løpet av natt til fredag har nokon gjort skadeverk på eit av blomstertårna som pyntar opp i Vikegata.

  Foto: Rune Sæbønes

  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Det er trist at nokon skal gjere slik, seier Oda Elise Øye Opsal.

Ho har sommarjobb i parketaten i Ørsta kommune, og har vore med og stelt til mellom anna i Vikegata i sommar.

Det er sett opp fire blomstertårn med surfinar, og som er med på å gjere Vikegata sommarpynta.

Då Oda Elise skulle på arbeid fredag, såg ho skadeverket. Nokon har spraka laust på eit av blomstertårna, og blomster og blad låg utover gata.

Matias Ville og Oda Elise Øye Opsal synest det er leitt at folk skal øydeleggje sommarpynten.  Foto: Rune Sæbønes

– Det er vanskeleg å vite kva vi skal gjere for å få tårnet fint igjen. Å byggje eit slikt tårn er tidkrevjande, og vi har så mykje anna vi skal rekke over, seier Oda Elise.

Ho og Matias Velle, som også har sommarjobb i parketaten, oppmodar folk til å late blomar og pynt stå i fred.