Fugl Føniks flyttar

I desember opnar Fugl Føniks i nytt og større lokale i det tidlegare Norrøna-bygget.
Nyheiter

– Vi som eig bygget, syns Føniks er eit veldig godt produkt for Ørsta. Basert på kjennskap, veit vi at dei har eit behov for å utvikle seg. Det ønskjer vi å leggje til rette for, seier Jan Endre Vartdal, som er ein av eigarane av Norrøna-bygget.