Vil sikre meir i Årsetdalen

Ørsta kommune søkjer om eit tilskot på 979.000 kroner frå NVE til flaumsikring i Årsetdalen.

Årsetdalen: Jordskredet i 2013 gjorde stor skade.  Foto: Janne-Marit M. Falch

Nyheiter

Det var i november i 2013 det gjekk eit stort jordskred i Årsetdalen på Vartdal. Skredet gjorde skade på skog, dyrkamark og også bustadhus.

Det vart gjennomført sikringstiltak, men eit nytt skred i november 2015 viste at desse sikringstiltaka ikkje var nok.

Etter å ha vurdert fleire alternativ, har kommunen kome til at det må byggjast ein ny kanal frå det etablerte massetaket til Storelva. Kanalen vil vere om lag 300 meter lang.

Kostnaden er rekna ut til å verte 1,22 millionar kroner. Ørsta kommune ber om at NVE gir eit tilskot på 80 prosent av totalkostnaden. 20 prosent må dekkjast lokalt.