Gjennom Ørsta sentrum med 1,5 i promille

I oktober i fjor køyrde ein mann i Anders Hovden-gata med over 1,5 i promille. I tingretten vart han dømd til fengsel og bøtelagt.

Fengselsstraff: Ein mann er dømd til atten dagar i fengsel etter promillekøyring i Ørsta.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Køyringa skjedde ei laurdagsnatt i oktober i fjor. I Søre Sunnmøre tingrett sa mannen, som er i 40-åra, seg skuldig. Politiet fekk melding om mogleg promillekøyring, og dei fann mannen ved ein bensinstasjon i Ørsta sentrum. Politiet sikra seg overvakingsbilete og prøver viste at mannen hadde promille på over 1,5.