128 km/t på motorsykkel i 60-sone

I mars i år vart ein ørsting målt til å ha køyrt i 128 km/t på motorsykkel i Ørsta. Det har gitt han fengselsstraff.
Nyheiter

Ifølgje rettspapira frå Søre Sunnmøre tingrett skjedde køyringa i ei 60-sone i Ørsta. I retten sa mannen seg skuldig. Mannen erkjente også forholdet på staden og samtykka til tilståingsdom. Det skal ha vore noko trafikk i motgåande køyrefelt, men ingen fotgjengarar i området då lovbrotet skjedde.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i 24 dagar. Han vart vidare dømd til tap av førarkortet i 27 månader. Mannen godtok dommen.