Tiltalt for å truge kvinne med kniv

  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Ein mann i 40-åra er tiltalt for trugslar mot sin sambuar. I april i år skal mannen ha sagt at skulle drepe sambuaren sin medan han heldt ein kniv mot henne.

- Trugselen var eigna til å framkalle alvorleg frykt, heiter det i tiltalten.

Mannen skal og ha tatt tak i jakka og håret til kvinna og rykka til ifølgje tiltalen.