Sommerpatruljen i Ørsta:

– Tilsette bør lese kontraktane sine

Sommarpatruljen til LO meiner at det er over- raskande mange tilsette under 35 år som ikkje hugsar kva som står i arbeidskontrakten dei signerte.
Nyheiter

Måndag 1. juli fekk Ørsta, Volda, Hareid, Ulstein og Fosnavåg besøk av LO sin Sommarpatrulje.

– Berre 2 stk. av alle besøka mangla arbeidskontrakt etter vårt besøk på Søre Sunnmøre, og vi informerte om kor viktig det er å få på plass ein kontrakt så snart som mogleg og innan ein månads tid om ein skal jobbe lenger enn ein månad, slik som lova seier, opplyser Kent Logan Jelle som er ungdomssekretær i LO og leiar for Sommerpatruljen i Møre og Romsdal.

Dei fleste brota på Søre Sunnmøre handla om mangel på informasjon om verneombod til sommarvikarane og andre nytilsette, i tillegg til nokre bedrifter som ikkje gav overtidsbetaling.

– Nokre påstår at dei ikkje trenger å betale overtid, men då bryt dei i dei fleste tilfella lova.

– Men alt i alt er vi greitt nøgde med at det er mindre enn fjorårets brotprosent. Neste gang håper vi at vi kan klare å nærme oss nulltalet på Søre Sunnmøre, men då må arbeidsgivarane brette opp ermene og tilsette må tørre å stille meir spørsmål om sitt arbeidsforhold.