Nysnø på fjelltoppane – i juli

Tysdag morgon kunne ein sjå at snøen har lagt seg ned mot 800-900 meters høgd i Ørsta.

Det låg snø på Saudehornet tysdag morgon.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Årets sommar ligg an til å verte diametralt omvendt av fjorårets, då det var rekordvarme og tørke i fleire månader. Klokka 02 natt til tysdag vart det målt 5,8 grader på Ørsta/Volda lufthamn, Hovden. Korleis det var i fjella, ser ein på bileta.

Eit lyspunkt er at det ser ut til å verte betre vêr etter helga, med opp mot 15-17 grader. Inntil då, er det berre å fyre i omnen og leite fram tjukkegensaren.

Toppen av Stålberghornet var dekka av snø.  Foto: Rune Sæbønes.