Skal vere i Tricobygget i bygningsperioden

Helsestasjonen har flytta

I samband med ombygging av det gamle legesenteret, er helsestasjonen flytta til Tricobygget.

I nytt lokale: Bak f.v. Ingun Håheim Fjørtoft, Randi Erdal, Monica Matinda, Elin Nygjerde, Sanna Driveklepp og Solveig Terøy. Framme f.v. Sara Fugledal Wiik, Marit Nytun og Lisbeth Aklestad.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

– For oss vart dette ei oppgradering. Det var elendig det vi for ifrå, og det vart bra det vi kom til. Her har vi fått betre pusterom, lokala er lysare, fine og nye, seier dei tilsette på helsestasjonen i Ørsta.