Grunneigaren stoppa gravearbeid med traktor og møkavogn - No har NVE bestemt at Mørenett kan få grave

NVE har gitt Mørenett løyve til oreigne, slik at dei kan legge siste 69 meterane med kabel som skal sikre straumforsyninga til vestsida av Voldafjorden.

Uferdig: Mørenett hadde 69 meter igjen før kabelgrøfta var ferdig. No er dei eitt steg nærare ferdigstilling.   Foto: ANNE-MARI TOMASGAR, sunnmørsposten

Nyheiter

(Sunnmørsposten): Arbeidet stoppa opp etter strid om eigedomsforhold i Rotsetfjøra i Volda. Mørenett søkte difor Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE, om oreigningsløyve slik at arbeidet kan halde fram.