Dyrkar sin eigen mat i barnehagen

Det vert satsa grønt i Hovdebygda barnehage. Eige drivhus med tomatar, agurkar og andre grønsaker, og eigen grønsakhage er på plass.

Drivhus: Inger-Randi Ivarson, Gudny Fagerhol, Petra Compagnon og Judith Flø i Hovdebygda sanitetslag vitja Hovdebygda barnehage og drivhusprosjektet førre veke. Foto: Privat  Foto: Privat

Dette starta som eit prosjekt, men det berre veks og veks, og vi håper at både drivhuset og kjøkkenhagen vert noko varig

Einar Magne Moe
Nyheiter

– Vi ynskjer å formidle ei berekraftig utvikling. At vi skal forvalte jordkloden, og ikkje bruke meir enn kva naturen gir tilbake, seier styrar Einar Magne Moe i Hovdebygda barnehage.