– Det kan verte aktuelt å vurdere gratis skulemat i Ørsta kommune

Alexander Riise Olsen (Ap) ønsker å innføre gratis skulemat i Ørsta kommune. Ordføraren er ikkje heilt avvisande.

Interpellasjon: Alexander Riise Olsen (Ap) ønsker at Ørsta kommune skal tilby gratis skulemat til elevane. 

Nyheiter

– Vi har ein del nye skular som skal planleggast i Ørsta kommune, og då må det sterkt vurderast å legge til rette for å kunne gi eit varmt skulemåltid i løpet av dagen. Dette handlar om å vere litt i forkant, sa Riise Olsen i det siste kommunestyremøtet før sommarferien.

Riise Olsen, som sjølv er lærar, påpeika at eit felles måltid på skulen kan virke førebyggande mot mobbing og vere ein arena for miljøterapeutar for å snakke med skuleelevane. Han fekk støtte frå Marit Aklestad (SV), Anne Stine Foldal Aam (Sp) og Karen Høydal (Ap).

Ordførar Stein Aam er ikkje avvisande til gratis skulemat, men understrekar at det må ein del praktiske ting på plass før eit slikt tilbod kan starte.

– Her er det kostnader, mat og personale. Dette er ei budsjettsak og det er ikkje midlar i inneverande budsjett.

– Det kan verte aktuelt å vurdere gratis skulemat i Ørsta kommune, men då opp mot budsjettet for 2020.

Joachim Kroken Åsebø