Har organisert seg i gatebilklubb

Vil ut av Ørsta sentrum

Rånarane vil ut av Ørsta sentrum. No er dei på jakt etter ei stad der dei kan mekke og ha det fint og sosialt saman.

Ut av sentrum: Leiar i ungdomsrådet, Elise Stokken, og leiar i Ørsta/Volda gatebilklubb, Andre Fagerhol, håper bilentusiastane får tak i eit område for bilsport utanfor Ørsta sentrum. 

Nyheiter

Nyleg organiserte fleire bilentusiastar seg i Ørsta/Volda gatebilklubb. Det er etablert eit styre, og føremålet i fyrste omgang er å finne ein stad der bilentusiastane kan halde på med hobbyen sin, og vere saman.