Spinnville dagar på Brudavolltunet

Lærte å lage garn på gamlemåten

På Brudavolltunet har gamle handverkstradisjonar denne veka vorte lært vidare til nye generasjonar.

Ull: Ingvill Naalesund frå Musea på Sunnmøre viser korleis ein kan spinne ull.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

– Vi vil vise kor mykje flott vi har i naturen her, og kor mange bruksområde den har, seier Ingvill Naalesund i Musea på Sunnmøre. I ring omkring henne står ein flokk med born som spent følgjer med på korleis saueullen vert forvandla frå dottar til ulltråd. I løpet av tre dagar har dei fått eit innblikk i korleis ulla vert behandla, frå den vert klipt av sauen, til greiing, karing, spinning og farging.