Banken sikrar fullfinansiering av pumptrack-bane i Ørsta

– No startar arbeidet

Denne veka går grunnarbeidet i gang for pumptrack-bana på Ripateigane. Sparebank 1 Søre Sunnmøre går inn med 300.000 kroner i prosjektet.

Pumptrack: På tomta bak Tov Lerheim og Ole-Magnus Orlien kjem det pumptrack-bane. Tysdag overrekte banken 300.000 kroner til prosjektet. 

Vi er strålande nøgde med denne tildelinga

Tov Lerheim
Nyheiter

Ørsta sykkelklubb har ei stund arbeidd med planane om ei pumptrack-bane i Ørsta. Nærmiljøanlegget for sykkel når ein milepåle denne veka når grunnarbeidet tek til. I haust kjem eit eksternt firma inn og skal ferdigstille baneområdet, og truleg vil anlegget vere klart for bruk i november i år.