Mattilsynet fryktar for vatnet i Volda

Mattilsynet er uroleg for drikkevatnet til 7200 innbyggjarar i Volda og trugar med dagmulkt.

Dinglavatnet, som er drikkevasskjelda til voldingane.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

(Sunnmørsposten): Etter ein inspeksjon hos Volda kommunale vassverk i november gav Mattilsynet Volda kommune pålegg om å utarbeide plan for reinsing ved hovudvassverket. Dette for å sikre at vasskvaliteten og leveringstryggleiken til ei kvar tid tilfredsstiller krava i regelverket.