Flyttar midlar frå Sæbø til Vartdal

Vil fullføre uteområdet

Det manglar 200.000 kroner for å ferdigstille arbeidet med uteområdet ved Vartdal helsetun. No vert det tilrådd at midlane vert løyvde i år.

Prosjekt: Ved Vartdal helsetun er det laga gangveg og skal lagast gapahuk mot sjøen. Arkivfoto 

Nyheiter

Ved Vartdal helsetunet er arbeidet med å lage gangveg og gapahuk mot sjøen godt i gang. For å ferdigstille prosjektet manglar det 200.000 kroner. Formannskapet får tysdag saka på bordet. Det er foreslått å omdisponere midlar sett av til prosjekt ute på Hjørundfjordheimen. Prosjektet ved Hjørundfjordheimen vert ikkje realisert i år. Ved å gjennomføre omdisponeringa vil prosjektet på Vartdal bli ferdigstilt i løpet av 2019.

Etter handsaminga i formannskapet tysdag skal saka vidare til kommunestyret.