Kritisk røyst takkar av i høgskulestyret

- Leiinga har låst seg fast

Han har vore ei tydeleg og kritisk røyst utanfrå i Høgskulestyret i åtte år. No har Terje Heggem deltatt på sitt siste styremøte ved Høgskulen i Volda.

Ut av styret: - Volda har ein ibuande redsel for å vere søkande i strategiprosessen, seier Terje Heggem, som har vore styremedlem ved Høgskulen i åtte år. Torsdag var han på sitt siste styremøte i Volda.  Foto: svein aam

Nyheiter

Terje Heggem frå Molde er forretningsmann med engasjement både innan reklame og eigedomsutvikling. I åtte år har han vore ein av dei statleg oppnemnde styremedlemmene i styret ved Høgskulen i Volda.