Ordførar Stein Aam:

– Politikarane i Ørsta har ingenting å skamme seg over

– Politikarane i Ørsta har gjort mykje for bygdene våre.

Vil bu på Sæbø: Frå høgre: Tor Grunde Simonsen med Edith Kanutte, Ole Wirum med Johanne, Betina Olson, Anna Elise Aklestad med Signe og Karl Morris Bendixen.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Ordførar Stein Aam heiar på engasjementet frå familiar som ønskjer å busette seg på Sæbø. Laurdag skreiv Møre-Nytt om familiar som må finne seg andre stader å bu, fordi dei ikkje finn seg bustad på Sæbø. Mange av husa i sentrum vert nytta som feriebustadar, og dei etterlyste difor draghjelp frå politikarane, for å finne løysingar for dei mange som ønskjer å etablere seg i området.