Ynskjer gamle bilete av kulturlandskapet

Korleis har kulturlandskapet i Hjørundfjord utvikla seg dei siste hundre åra? Det skal no verte dokumentert.

  Foto: svein aam

Nyheiter

– Gjennom ordninga «Utvalde kulturlandskap», der Ørsta kommune med Hjørundfjord-området er med, er det der eit opplegg for såkalla refotografering. Det vil seie at det no skal takast bilete av t.d. ei seter, akkurat frå same staden som tilsvarande bilete vart teke for hundre år sidan, fortel seksjonsleiar for kultur og landbruk i Ørsta kommune, Liv Bente Viddal.

Føremålet med refotograferinga er å dokumentere korleis kulturlandskapet har utvikla seg.

– Det er Oskar Puschmann som er ansvarleg for refotograferinga. Han er fotograf og landskapsgeograf, og har refotografert tusenvis av bilete for å dokumentere korleis Norge har endra seg gjennom dei siste 100 åra. Refotograferinga skjer ved at han plasserer eit kamera på nøyaktig same stad som fotografen stod for 100 år sidan, og slik får same bileteutsnittet, fortel Viddal.

Puschmann har arbeidd med mange område for utvalde kulturlandskap for å dokumentere korleis kulturlandskapet har endra seg.

I år er det altså Norangsdalen og Hjørundfjorden sin tur. Men for å få til ei vellukka refotografering, er Puschmann avhengig av det eksisterer gamle bilete av område som kan refotograferast.

– Dette kan vere bilete av eit gardstun, av ei seter, eller eit generelt landskapsbilete, seier Viddal.

Ho oppmodar folk til å leite i dei private arkiva sine for å sjå om der er gamle bilete.

– Mange vil nok ha papirkopiar. Dei kan vi få skanna eller avfotografert, avhengig av kvaliteten. Vi ynskjer så høgoppløyselege bilete som mogleg, fortel Viddal.

Andre stader der Puschmann har vore for å refotografere kulturlandskap har det vorte til dels sjokk.

– Det kan t.d. vere eit hundre år gammalt bilete av ei seter. Og det som kjem fram på biletet frå i dag, er berre ein grøn vegg med skog, fortel Viddal.

Schumann skal kome til området i slutten av juli.

– Difor hastar det litt med at folk leitar fram bileta sine. Vi seier takk på førehand, seier Viddal.