Tussa tener pengar på høge straumprisar

Tussa kan presentere eit svært godt resultat for fyrste tertial. Auka kraftproduksjon og høgare prisar er hovudårsakene.

Tener pengar: Tussa-konsernet hadde eit godt resultat fyrste tertial.  Foto: Tussa

Nyheiter

Tussa har eit driftsresultat på 119,3 millionar kroner i første tertial 2019, og eit resultat før skatt på 118,6 millionar kroner.

– Samanliknar vi med første tertial i fjor, er det ein auke i driftsresultatet på 89,5 millionar kroner, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Omsetninga første tertial vart 467,2 mill. kroner, totalkapitalen er 2.982,9 mill. kroner og eigenkapitalprosenten er 31.3 %.

– Hovudårsaka til auken i driftsresultatet er auka kraftproduksjon, høgare kraftprisar og lågare andre driftskostnader. I 2018 var Tussa kraftverk på Bjørke under rehabilitering, og sto difor i to månader i første tertial, forklarar konsernsjef Elling Dybdal.

Det er Tussa Energi AS, som eig og driv Tussa sine 22 vasskraftverk, som er største bidragsytar til auken i resultatet, men også Mørenett AS og Tussa IKT AS har hatt positiv resultatutvikling samanlikna med 1. tertial i fjor. Tussa-24 viser lågare resultat, medan Tussa Installasjon AS viser same resultat som i fjor.