To frisørkjeder er Årets nynorskbrukarar

Frisørkjedene Floke og Balanzera fekk prisen Årets nynorskbrukar 2019 under Dei nynorske festspela 13. juni.

Årets nynorskbrukar 2019. Irene Stana i Floke (t.v.) og Trude Lundvall i Balanzera. I midten styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.  Foto: Nynorsk kultursentrum

Nyheiter

Dei får prisen for «å nytte nynorsk i marknadsføring av frisørtenester i by og bygd på aust- og vestlandet», sa styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.

– Det er utruleg stas at to grøne frisørsalongar, Balanzera og Floke, blir lagt merke til. Iallefall når ein ser på tidlegare prisvinnarar. Ja, me er i godt selskap!, sa eigar Trude Lundvall i Balanzera i takketalen.

Direktør Irene Stana var også svært takksam.

– Nokon øyeblikk i livet må ein klypa seg litt i armen fordi det er for godt til å vera sant. Telefonen om at eg var ein av vinnarane var definitivt eit slik øyeblikk for meg, eg er utruleg takksam og stolt over å vera ein av dei utvalte.

Prisvinnarane fekk 50 000 kroner kvar og eit grafisk trykk av Arne Nøst, skriv Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding.

Nynorsk både i marknadsføring og kundekontakt

Floke er den første helse- og miljøvenlege frisørkjeden i Noreg. Kjeden har salongar i Oslo, Bergen, Førde, Jølster, Molde, Odda, Stavanger, Strandebarm, Voss og på Åsane Balanzera, som også er helse- og miljømedvitne, har to salongar i Oslo og ein på Kviteseid. Begge frisørgründerane nyttar nynorsk når dei kan i marknadsføring og kundekontakt. Dei er med på å gjere nynorsk synleg i så vel bokmålsdominerte stader som Bergen, Molde, Stavanger og Oslo som i nynorske kjerneområde i Vest-Telemark, Hordaland og Sogn og Fjordane. Innsatsen desse gjer er viktig for nynorskbrukarane. Det bur nynorskbrukarar i alle kommunane i Noreg, men skriftspråket vårt er ikkje synleg over alt og på alle område. Innsatsen til desse frisørane er med på å auke den språklege sjølvtilliten og medvitet til oss nynorskbrukarar. Det er 20. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Identiteten er viktig

Fredag morgon samtala direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark med dei to prisvinnarane på Møre Folkehøgskule. Begge var opptekne av å bevare identiteten sin og få vere seg sjølv, også i marknadsføringa.

— Uansett kvar ein tilsett i Floke byrjar, anten det er Molde eller Voss, deltek eg som leiar i opplæringa. Eg fortel dei at no arbeider dei i ein grøn salong med felles identitet. Alt mine tilsette skriv i sosiale medium skal vere på nynorsk, og dei må få opplæring og felles

identitet. Det gir oss inntekter i andre enden fordi vi er gjennomførde, unike og til å stole på, seier Irene Stana.

— Andre i Vest-Telemark kunne gjerne nytta meir nynorsk i marknadsføringa. Eg trur det løner seg å vere seg sjølv og stå for det, og då er skriftspråket og dialekten viktig, seier Trude Lundvall.