Husmangel hindrar folk i å flytte til Sæbø

– Her må kommune og politikarar velje: Vil dei ha bygdeutvikling eller bygdeavvikling?

Vil bu på Sæbø: F.v. Tor Grunde Simonsen med dottera Kanutte har endeleg fått kjøpt seg hus på Sæbø saman med resten av familien, etter fire år i leigd leilegheit. Ole Wirum og Betina Haug Olson med dottera Johanna har kjøpt seg fleirmannsbustad på Sæbøneset etter å ha vore på leit i eit år. Til jul håper dei på innflytting. Anna Elise Aklestad, Karl Morris Blindheim Bendixen og dottera Signe har budd mellombels hjå ein familie på Sæbø i snart eit år, men må snart flytte ut. Dei har ikkje funne anna husvære på Sæbø, og kikar no andre stader. Foto: Rune Sæbønes  Foto: Rune Sæbønes

Hjørund- fjorden er eit satsingsområde, og då er det rart å ikkje tenke på grunnmuren og rammene som rammar det heile inn

Nyheiter

«Sæbø er Sunnmøres Grünerløkka» – ei setning Tor Grunde Simonsen høyrde under ei tilstelling på Sæbø nyleg. Der er mange tilstellingar. Bygdefolket er av det sosiale slaget, fortel han.