Thim Strømme Barth donerte bestefar Olav Strømme sitt siste verk til Olav Strømme-galleriet

– Eg er heilt overvelda over det de har fått til

– Eg har ikkje ord. Eg er heilt overvelda. Det er fantastisk å sjå all kunsten på veggene. For ein innsats de har lagt ned!

Det siste verket: Utan namn, men eit ekte verk av Olav Strømme, det siste han laga før han døydde i 1978. Det har vore i eige hos barnebarnet til Olav Strømme, Thim Strømme Barth. Han donerer bildet, i tillegg til skisser og målarsaker, til Olav Strømme-galleriet.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Ein svært rørt Thim Strømme Barth sat på fremste rad då Olav Strømme-galleriet vart opna i andre etasje på Kunsthuset i Ørsta, torsdag.