Klare for storinnrykk til Festspela

Dei nynorske festspela: Staben i Ivar Aasen-tunet klare til aksjon. Programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i spissen. 

Nyheiter

Torsdag opnar Dei nynorske festspela, og programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik gleder seg over godt billettsal. .

– Alle fire festspeldagane blir avrunda med konsert i uteamfiet i Aasen-tunet, og det er stor breidde i artistar og sjangrar i år, seier Opsvik.

BokkeReidars Blues Band med Side Brok opnar den musikalske delen av Festspela torsdag, Mari Boine fyller uteamfiet fredag, medan det er Sigvart Dagsland med sitt band på heile åtte musikarar som sikrar kvelden laurdag. Søndag blir avrunda med det tradisjonelle Aasen-stemnet, der tekstane til Kjartan Fløgstad er sentrale. Dei har blitt tonesette og sett saman til framsyninga Sandharpesongar. Publikum får høyre nokre av dei fremste folkemusikarane Noreg har å by på, som Berit Opheim og Jorun Marie Kvernberg.

– For dei som vil ha med seg både konsertar, forfattarmøte og samtalar, vil det løne seg å kjøpe eit festspelpass.