Pink cup

Golfar for ei god sak

Det var mykje rosa på «greenen» på golfbana i Vassbotnen onsdag.

Pink cup: Driftige damer i arrangørnemnda Britt Indresøvde, Janne V. Monsholm, Bente A. Ørsal, Aashild Longvastøl, Kirsti Gundersen og Oddvor Hovden.  Foto: Svein Aam

leiar: Olav Trandal framfor det nye overbygget for treningsfeltet.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

For då var det klart for Pink Cup- også kalla «årets viktigaste turnering». Her har Norges Golfforbund og Kreftforeningen gått saman for å få inn pengar til brystkreftsaka. Og det var bra oppmøte då Volda golfklubb hadde turneringa på bana si i Vassbotnen.

– Vi samlar inn pengar på ulike måtar. Startkontingenten går til saka, vi har utlodding og damene har laga kaker slik at det vart sal av kaker og kaffi, fortel Olav Trandal, leiar i Volda golfklubb.

Det har vore stor aktivitet i vår, og folk har kome langvegsfrå for å bruke bana i Volda.

– Våren kom tidleg og varmen i april var gunstig for bana. Så forholda har vor gode sidan påske, fortel Olav Trandal.

«Driving rangen», det vil seie utslagsområdet for treningsfeltet har fått tak, og golfklubben har utstyr til disposisjon også for ikkje-medlemmer.

– Vil vil gjerne ha fleire medlemmer, og vi har lagt til rette for at kven som helst kan kome å prøve seg, fortel Trandal.

Det var 24 påmelde til årets Pink Cup som var delt opp i åtte trear-lag som konkurrerte mot kvarandre i scramble.

Vinnarlaget var Rolf Ørsal, Joar Voldsund og Trond Are Ryste. To slag bak kom Jan Egil Gretland, Bente Ørsal og Janne Monsholm